1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Jøsneset helselag hadde årsmøtet sitt den 10.03.10 i gymsalen.

Arthur WestersjøSpreke Arthur Westersjø holdt et innlegg der han mimra litt om gamle dagar, trekte historia rundt helselaget fram, og utviklinga som har vore, bl.a. med kva hjelp det var når penicillinen kom, og bekjemping av tuberkulose. Han fortalte korleis livet på ein gard kunne utarte seg før i tida, kor spreke dei måtte vere då det var fysisk krevjande arbeid. Han konkluderte med at det var viktig å balansera inntak og uttak av kaloriar!

Den årlege basaren og trekning i turbøkene var og "happening" denne kvelden. Det var 20 vaksne og 4 unger tilstades på årsmøtet. Ekstra stas var det at helselaget i år hadde fått ei flott gåve av Aksel Hansson til basaren: ein flott gyngestol. Den gjekk til slutt avgårde til Åsland, Torkel vant den, sjølv om det var mange om beinet på den.. Elles var det og mange flotte gåver.

Medlemmer på årsmøte

Det vart diskusjon rundt saka som styret fremma for årsmøte: nemleg organiseringa til eldretreffen. Mange innspel kom i saka og tilslutt eit ekstra forslag som vi måtte stemme over til slutt. Det vart klart fleirtall for styret sitt forslag og dette vart vedtatt:

Sak     : Forenkle forholdet mellom Jøsneset helselaget og Jøsneset eldretreffet

 

Jøsneset eldretreff fortsetter sin virksomhet, men skal organisatorisk og økonomisk være en del av Jøsneset helselag.  Eldretreffet inngår som en del av helselagets oppgaver og aktivetene vil fremgå av helselagets årsmelding og regnskap.  Brukerne av eldretreffet velger en representant som skal være kontaktperson for helselgatets styre i saker som vedrører eldretreffet.

Vedtekter av 31.desember 2003 opphører med dette.”

Trekning i barneboka, gavekort på Enkel på kr 100,-:

- Johan Fossaa - 36 gonger i barneboka på Håvehammar (totalt 143 besøk i år)

 

Dei som vann gavekort på Enkel på kr 200,- i turbøkene i låglandet var:

- Svanhild H. Gbada 128 gonger på Håvehammar (totalt 722 i år)

- Ulrik Eie - 6 gonger på Høgafjell, same som John Voster - loddtrekning. Totalt 192 besøk.

- Ellinor Mæland - 77 gonger på Nesdalsfjell (totalt 523 besøk)

- Berit Hjorteland - 63 gonger på Brynå (totalt 619 besøk)

- Svanhild H. Gbada - 14 gonger på Fosstemmen (totalt 333 besøk)

Turpostane våre har totalt med toppane, hatt 2763 besøk. Dette er med på å gjere befolkninga på Jøsneset ganske så spreke vil me tru! Flott, stå på i år også, nye bøker er lagt ut. Tausanibbå er det foreløpig ikkje bok eller postkasse på, den har blåst vekk. Den på Høgafjell har vi ikkje lagt bok på i år, då vi må redusere noe på antal bøker sidan vi har auka på toppane.

Toppturkonkurransen, ein vann gavekort på Enkel på kr 500,-:

7 bøker var levert inn til å vere med på konkurransen. Jonas Gbada vann i den trekninga.  

Takk til alle som deltok på årsmøtet, og for alle bidrag til basaren!

Helsing styret.  

FaceBook
Facebook