1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Laurdag arrangerte Hjelmeland Sau og Geit i samarbeid med Rogaland Gjetarhundlag open familiedag på Foss på Jøsneset.   Hovudtema for dagen var værlamkåring og gjetarhundprøvar. 
Her er dei tre beste i gjetarhundprøven: Vinnar Per Hetland frå Bjerkreim med hunden Luke med 89 poeng. Kristiane Westersjø, Jøsneset og hunden Laika fekk 84 poeng.  På 3.plass Stian Mæland frå Vormedalen med hunden Frøya med 81 poeng. Det er maksimalt mulig å oppnå 100 poeng. For å få godkjent brukshundprøven må hund og eigar oppnå minst 60 poeng. Det var 9 stk som deltok.

Arrangementet var vellykka - ca 100 stk var innom - derav mange som ikkje var sauebønder også. Det blei solgt kaker, brus, saft og lapskaus, og satt opp kafèbord.

Hjelmeland flottaste verlam av typen NKS vant bonden frå Kleppa Harald Kråkedal med 28 av 30 mulige poeng

 


Her blir lamma vurdert ut og inn. Det blir gitt poeng i 3 kategorier. Kropp, bein og ull. Her studerer dommarpar Leif Arne Bakka frå Suldal og Øystein Bjelland frå Hjelmeland ulllengde, kvalitet og mengde. Sekretær Åshild Øye frå Hjelmeland sau og geit.


65 verlam blei kåra av 11 utstillerar. Det vart kåra Pelssau, Rydjasau, Spælsau både kvit og farga men den største klassen var NKS. Omlag 100 skuelystne var innom det vellykka arrangementet



Denne gjengen tar det nokså easy mens de ventar på juryens dom 

 

Stian Mæland og hunden Frøya fekk sauene roleg og fint gjennom løypa og inn i hegna - dette holdt til ein 3.plass !

 


Kven er best å gjete sauer? 4 vaksne gjetarar? Eller ei ung gjetarjente med hunden sin?   Dette blei demonstrert. Her er det 4 stk styremedlemmer frå Hjelmeland Sau og Geit som jagar sauene inn i hegna. Ja, dei klarte det ganske bra, men dei måtte trø til litt innimellom når nokon av sauene kom på de ville bryte ut av flokken. Men alle sauene kom fint på plass, og gjetarane fekk trimma seg litt

 


Her gjer ungjenta Kristiane og hunden Leika same jobben som dei 4 vaksne gjorde.   Det gjekk like fort og kyndig med hunden; og sauene hadde vel så mykje respekt for hunden som for gjetarane.  Så med ein godt trent hund har sauebonden svært god hjelp i sauesankinga. Hunden i front er kun ivrig tilskuar til denne demonstrasjonen.

 

 

 


Ikkje berre sauer å sjå......ein fin fjording var òg innom - og kjøring med hest og vogn var populært blant dei yngste.  Her med Elise Sværen Oaland og Silje Sværen som kyndig kuskar

 


Den skal tidlig krøkes som god sauebonde skal bli !!

 


Blide damer frå nabogarden Krokane var òg innom .

 

Foto: Sven Gjil Westersjø og Svanhild Hjorteland Gbada

 

 

 

 

 

FaceBook
Facebook