1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


På den internasjonale vaffeldagen - palmesøndag - inviterte Bygdarådet til kafè i Trivselstova, kombinert med opning av bibliotek på gamleskulen.   Tiltaket var populært, og det strøymde på med folk - ein fin blanding av fastbuande og ferierande påsketuristar - og mange barn og vaksne.  Over 60 stk var innom kafeen - og Bygdarådet var rause og delte ut gratis vafler, kaffe, te og saft.

MMMMMMM - vafler smaker godt ! God drøs inne i Trivselstova, og masse leik og moro ute - og mange besøkande på biblioteket.

Tida blei òg nytta til å diskutere stadnamnkarta, som hang på veggene i Trivselstova.  Rasin (tidlegare rektor på Jøsneset skule) kom på at det låg nokre gamle skuleoppgåver på loftet på gamleskulen, så han gjekk og henta dei - Og jammen sann; der dukka det opp rundt 20 "nye" stadnamn som me ikkje har frå før - så nå blir dei òg kartfesta

TAKK til Bygdarådet for finfint initiativ - koselig å treffast på uformell kafè !!

 

 

Foto: Sven Westersjø

 

FaceBook
Facebook