1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Onsdag denne veka feira Seniortreffen på Jøsneset med marsipankake i høve 25års-jubileumet. Berit T Skiftun kom overraskande på seniorgjengen med kaka, og hadde òg med seg masse bilder og avisutklipp frå den 25 år lange historia.  Og Cesilie i Jøsneset Helselag kom òg overraskande med ei blomstergåve til Berit T Skiftun, som i mange år har vore primus-motor frå Helselaget si side, og hjelpande hand for Seniortreffen - sjølv om seniorane òg med god samvit kan takke seg sjølv - for Seniortreffen blir i stor grad òg driven på dugnad av brukarane sjølve

Cesile Wåland, leiar i Jøsneset Helselag gir mykje ros til Berit T Skiftun for hennar innsats for Seniortreffen (tidlegare kalla Eldretreffen).  I regi av Jøsneset Helselag har Berit stått på ift organisering,  og privat har både ho og mannen Oddvar i fleire år frakta med middagsboksane frå kjøkkenet på Omsorgsenteret over fjorden til Seniortreffen. Praktisk og god hjelp, som Cesilie takka for i form av overrekking av blomster til Berit smile

 
Berit og Cesilie meinte seniorane fortjente ei god marsipankake som TAKK FOR GOD INNSATS - for å drifte sin eigen kafè-treff ein gong kvar 14 dag på vinterhalvåret over mange kjekke år.  Seniorane riggar sjølv til bord og stolar og dekker bord og ryddar og vaskar Trivselstova etterpå. Maten kjem ferdig frå Omsorgsenteret, men må likevel tilberedast og serverast !  Dette er ei kjekk og sosial samling for pensjonistane i bygda - og her er fleire hjarteleg velkomne !!


Tordis og Kornelius (th) er blant dei eldste og mest trufaste som jamnleg møter opp på Seniortreffen. Her går praten livleg, og denne gongen fekk dei bla gjennom eit lite bildearkiv frå dei 25 åra de har hatt desse samlingane  - kjelde for meir prat og mimring.

Den gode kaka gjekk på rundgang - og det blei god prat over kaffekoppane.  Ein koseleg dag i Trivselstova - og me håpar dei held fram i maaaaange år enda wink

FaceBook
Facebook