VONÅ heng nøye saman med Jøsneset Ungdomslag si historie. VONÅ er namnet på ”notatboka” som blei sendt på omgang til medlemmene i laget. Den enkelte fekk i oppdrag å skrive i boka, og dette blei opplese på neste Ungdomslagsmøte.  Her er det masse variert og særprega lesestoff.  Nokre av historiene er  fantasi, medan andre historier er sanne, men med ei viss anonymisering av person- og stadnavn. Dei fleste stykka er skrevne under pseudonym, og ein del er skrevne som rimeregler.

Ungdomslaget har ei 118 år lang historie. Skriftlege kjelder frå dei aller første åra har me ikkje. Men første utgåve av VONÅ er faktisk så gammal som frå 1903 – sirlig handskrive i blekk. Totalt er det 9 utgåver av VONÅ, den siste frå 1957.  VONÅ har såleis fulgt bygda gjennom skiftande tider, og fortel litt av kvart om vår heilt nære lokalhistorie.

Historiene utartar seg stort sett frå bygdemiljøet på Jøsneset, og tema som flørting og spillopper var den gong òg tydeleg populært blant dei unge.   VONÅ fungerte på ein måte som ei blanding av lokalavis og ein snill, lokal form for ”se og hør”……eller kanskje helst som dåtidas form for ”nettside” – der ein kunne legge ut nyhende og stoff som blei tilgjengelig for alle.  På Ungdomslagsmøta var opplesing frå VONÅ gjerne kveldens høgdepunkt; eit svært populært innslag, til glede og munterhet i kvardagen på bygda.

Desse gamle, handskrivne og verdifulle bøkene eksisterer ennå ! Me har dei godt innelåst i ein brannsikker safe, og Ungdomslaget har planar om å få dei skanna og arkivert skikkelig.  

Ungdomslaget har følgjande utgåver av VONÅ:

1.    1903-1923
2.    1923- 1925
3.    1928-1929
4.    1929-1930
5.    1930-1938
6.    1938-1939
7.    1945-1950
8.    1950-1951
9.    1951-1957

I tillegg er det mange referatbøker, kassabøker og programbøker.


UNGDOMSLAGET SIN AKTIVITET OPP GJENNOM ÅRA

I mellomkrigsåra hadde dei relativt hyppige Ungdomslagsmøte, gjerne kvar 14. dag. Referata frå desse møta speglar samfunnslivet på den tida på ein artig måte.  Møta hadde ein del faste innslag: t.d. alltid song og opplesing frå  VONÅ.  Ofte hadde de debatter, føredrag eller diktopplesing. Debattane fungerte slik at de hadde eit tema som skulle drøftas, og det var valt to innleiarar som representerte kvart sitt syn i saken. Desse la grunnlaget for debatten.   

Elles var det òg ofte føredrag om ulike tema, og som oftast var det kjente personar frå bygdemiljøet som helt føredraga.

Laget arrangerte òg ofte festar og sosiale treff. Aktiviteten var altså høg i Jøsneset Ungdomslag i mellomkrigsåra.   Som oversikten viser, så har ein ikkje VONÅ frå sjølve krigsåra, så det kan tyde på at aktiviteten var heller laber då.

Men då krigen var slutt, var det igjen full aktivitet i laget. T.d. var det i perioden etter 2. verdskrig at Ungdomslaget sette i gong kronerulling, tok det store løftet og fekk bygd opp eit eige Ungdomshus. Ein flott dugnadsinnsats frå mange i bygda.  Ungdomshuset blei kalla Mostun, og blei opna med ein flott fest i januar 1953.  I åra framover var dette tilhaldstaden til ungdommane i bygda, og skal me tru VONÅ og referatbøkene,  så blei det skipa i stand mange festlege og sosiale arrangement i dette lokalet.  Ungdomshuset brann diverre ned i 1970, og det har sidan aldri lykkast laget å etablere eigne lokale igjen.

Men forsikringspengane frå 70-talet har stått på sperra bankkonto i alle desse år. Ulike forslag har opp gjennom 80-90 talet vorte lansert, for å bruke pengane til nytt grendehus. Utover 80-90-talet var Ungdomslaget ein aktiv arrangør av t.d. dansetilstellingar. Overskotet frå desse arrangementa vart satt inn på same konto med tanke på eit framtidig grendehus.

Akkurat nå i 2008 er det på ny aktuell spenning rundt Ungdomslaget sine forsikringspengar. Ein har nå gått vekk frå tanken om eige hus, men ønskjer å vidareutvikle gymsalen som vår tids forsamlingslokale – kombinert med skulen. I eit ekstraordinært årsmøte blei det vedtatt at Ungdomslaget skal gå inn med kr 250 000,- (+ inntil 10 % om naudsynt for realiseringa) for å få bygd scene til gymsalen. Det er nå kjøpt grunn til utbygginga, byggeteikningane er godkjent - og det gjenstår kun bygging. Pr okt 2008 har det ikkje lykkast å få tak i tømmermenn som har tid å ta utbygginga, men grunnentreprenør og elektromontør er på plass. Det jobbast intenst med saka - og me håpar på ei realisering ila vinteren 09.

FaceBook
Facebook