1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Både Strandbuen og Suldalsposten har siste veka hatt artiklar om lokale bygdesider på nett - og Jøsnes-siå har vore tatt fram som døme i begge avisene.


Til Strandbuen fortel bygdeutviklar Kari Sand og Ryfylke IKS at lokale nettsider er ein fin måte å drive merkevarebygging på - og slike sider er med på å styrkje bygdeidentiteten. Dei fortel òg at Fylkesmannen i Rogaland har midlar til frivillige bygdelag som vil bygge opp si eiga nettside. Sjå HER. (litt meir i papirutgåva)

I Suldalsposten har dei henta fram fire døme på bygder som har eigne nettsider, og foretatt ei vurdering av desse sidene. Det er frå bygdene Jøsneset, Jelsa, Erfjord og Ropeidhalvøya. Les den scanna avisartikkelen HER og HER .

Også Fylkesmannen i Rogaland har lagt merke til dei lokale nettbaserte bygdesidene, og òg på Fylkesmannen si nettside er Jøsneset tatt me som eit døme på lokal nettside. Sjå HER.

Kjekkt at sida vår blir lagt merke til òg "ute i den store verda" :-) 

Forresten blei vår lokale nettside josneset.no òg profilert i ein ny flott Ryfylkebok som heiter HØG PULS RYFYLKE, som Ryfylke Friluftsråd står bak. Det er ei bok med topp presentasjon om friluftslivet og super reklame for heile Ryfylke....mange flotte bilder frå høgt og lågt.....deriblandt eit foto tatt av Anne Hjorteland frå Hardhausen på Herefjellet :-)
Boka kan anbefalast og kan bestillast HER

FaceBook
Facebook