I dag/kveld var det full dugnadsaktivitet i ballbingen igjen . Forholda ligg ypperleg til rette for å få til skeiseis i bingen - med minus 10-15 kuldegrader i lengre periode. Einaste ulempa var all snøen som måtte vekk!! Snøfresar viste seg ikkje å vere særleg effektiv til slikt areal. Men den vesle blå traktoren til Joachim smøyg seg fint inn i bingen, og var svært effektiv som snøskuffe.
Utpå kvelden var bingen såpass snøfri at vatnet blei sprøyta på. Brannmannskapet fekk øve seg på utstyrs-bruk i sprengkulde (som i seg sjølv er viktig å øve på), og dei stilde både med traktor, vannvogn, pumpe, slangar og ikkje minst god bemanning !
Koss enden på visa blei, dvs kor god isen blei, var ikkje klart i skrivande stund........men følg med på nettsida her, så tipper me at det snart dukkar opp bilder av skeisande barn og elegante kunstløpdamer
Nytt frå Strandbuen
- Lossi, husflytting og stilfulle fotballspillere: Detter skjedde i 1990
- Gjentar suksessen med påskerebus på Jøssang – denne gangen kan du vinne premie
- Olav døydde brått – tilbake er ei dotter og bygd i sorg: – Han var ein original alle blei glade i
- Her er oversikten over årets påskekrim
- Mr. Ryfylke er 80 år
06.01 Skeisebane i ballbingen
- Detaljar