1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Artikkelindeks


Stemningen kunne ikkje vore bedre om det var sjølvaste julenissen som kom !! Ja, for ofte pleier jo Nissen dukke opp på juletrenninga i bygda. Men denne gongen var det banksjef Susanna Poulsen som dukka opp - og stemingen blei vel så høg, for ho hadde med seg ein stor sjekk på kr 28 500,- frå Hjelmeland Sparebank sitt gåvefond. Jøsneset Bygdaråd hadde sendt inn søknad om å få dekke utgiftene til eit stativ som skal stå oppe ved Fosstemmen - Stativet skal lagast av Avanti og skal vere kombinert vedlager og stativ for kanoane Kalven og Kviga - som ligg ved Fosstemmen til fri benyttelse for allmennheten. Unni Fossaa i Bygdarådet tok begeistra mot sjekken, medan gjengen i Trivselstova jubla !

FaceBook
Facebook