Eldre tid
Jøsneset si histoire kan førast fleire tusen år tilbake i tid. Det er gjort steinalderfunn i Nesvik, på Fosså og i Knutsvik, som mange andre stader langs fjordstrendene i Hjelmeland. Dei første steinaldermenneska var nomadar, men gradvis gjekk det over til fast gardsbusetnad. Vi reknar med at budde folk på fem matrikkelgardar på Jøsneset kring år 1000 e.Kr. Dei fem var Knustvik, Skiftun, Assheim, Åsland og Foss. Truleg er busetjinga eldst på dei tre sistnemnde.

I perioden 1000-1350 reknar vi med at Fosså, Nesvik og Eiane i tillegg vart busette gardar. Men i generasjonane etter Svartedauen i 1350 vart desse tre liggjande øyde, og det tok eit par hundre år før dei kom i vanleg drift igjen.

Storfolk på Foss
Garden Foss er ein av få gardar som er nemnt i skriftlege kjelder i mellomdalderen. Herr Olav er nemnd kring 1300. Han var riddar og høyrde til adelsstanden i landet. Jørund Arneson og kona Gyrid Hallbjørnsdotter budde her på slutten av 3300-talet. Foss-folket var storfolk og store jodeigarar. Dei gardane og gardpartane dei åtte vart kalla Foss-godset.

Også i hundreåra som følgde høyrde folket på Foss til på toppen av bygdesamfunnet. Mellom 1668 og 1720 var fem menn frå Foss lensmenn i Hjelmeland. Fosså og Nesvik vart drivne som underbruk under Foss.

Skrivargarden
Knutsvik var ein annan gard med storfolk på var Søra Knutvik. Denne garden var skrivargard på 1700-talet. To sorenskrivarar i Ryfylke budde då her. Det var Morten Petersen Rødder frå 1722 til 1757 og Georg Daniel Barth frå 1757 til 1782. Med fjorden som viktigaste ferdselsåre låg Knutsvik sentralt i Ryfylke.

Offiserar
Også på andre gardar budde det ei tid folk utanfor bondestanden. Dei var militære offiserar. På Fosså budde familien Tausan i to generasjonar, og i Nesvik først kaptein Gran, seinare to generasjonar Weltzin.

Hendingar i bygdehistoria

Jøsneset skule vart bygd på Skiftun i 1893. Det gamle skulehuset har blitt påbygt, men er framleis i bruk til skule og barnehage.  Jøsneset bedehus vart bygt i 1913.

I rutebåtane si storhetstid var det tre kaiar på Jøsneset – i Knutsvik, på Skiftun og i Nesvik.
Postvegen frå Nesvik til Knutsvik vart bygt ferdig i 1923.
Riksveg fram til bygda kom ikkje før i 1980. Då var vegen frå Vindsvik til Nesvik ferdig. Ferja over Jøsenfjorden, som hadde gått frå Vindsvik til Tøtlandsvik frå 1965 til 1990, vart då flytta til sambandet Nesvik-Hjelmeland.

Jøsneset kraftverk var i drift frå 1949 til 1966. Verket stod på Krokane på Foss, og det vart bygt tre stemmar i vatna som Fossånå kjem frå (Fosstemmen, Krokastemmen og stem i Skiftunstølvatnet). I desember 1966 fekk bygda strum frå Lyse via sjøkabel frå Ombo.

FaceBook
Facebook