1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Premiering av turstiar

Som vi tidlegare har informert om her på nettsida, samt i infoskriv som vart sendt rundt til innbyggarane på Jøsneset, så skulle ei sak på møte vere premiering på turstiane. Vi har fått nokre få innspel som vart tatt opp på styremøte, men vi hadde håpa på fleire innspel frå dei som nyttar turstiane. Styret hadde og fleire meiningar i saka, men vi kunne einast om følgande frå 01.01.12:

Det blir poengberekning der dei ulike turstiane tel slik:

  • Brynå, Nesdalsfjellet og Håvehammar 3 poeng
  • Fosstemmen og Tausanibbå 5 poeng
  • Gunlanuten, Valafjell, Røssenibben og Norda Høgaste 10 poeng

Barneboka på Håvehammar vil bestå, og der blir det framleis trekning i boka. For å vere med i trekning av premie på årsmøtet til helselaget, må det ein viss poengsum til. Vi kjem tilbake til det nærare årsskifte.

 

Toppturkonkurranse

Styret har tidlegare bestemt at oppslutningen om toppturkonkurransen vi har hatt er for liten. Hensikten med toppturkonkurransen har nok og blitt nådd med arrangementet 1.pinsedag Hardhausen/3-nutstur, nemleg at dei flotte toppane våre blir meir brukt. Styret i Helselaget har og diskutert å redusere på antal turbøker. I det høve er det aktuelt å ta vekk dei som blir minst brukt, og det er toppane og Tausanibbå. Gunlanuten vil uansett ha bok. Vi valde å avvente korleis poengberekninga slår ut først, men frå 2013 kan det bli aktuelt å fjerne bøkene som ikkje blir brukt noko særleg.

 

Hjertestartar

Vi har diskutert i styre om me bør prøve igjen å skaffe hjertestartar til bygda. Norsk Luftambulanse rådar oss som bur så usentralt til å ha hjertestartar, og dei seier at ein ikkje kan få liv i nokon utan hjertestartar. Dersom luftambulansen skulle vere opptatt ein annan stad, vil ein hjertestartar kunne redde liv. Nødnummeret 113 har oversikt over hjertestartarar og kontaktpersonar for desse. Det forutset nok at ein del personar er villige til å få opplæring og halde seg oppdatert på å bruke denne. Styret vil sjekke ut pris og deretter ta dette opp att på neste styremøte. Vi ynskjer oss innspel i saka på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller til Ingeborg Westersjø tlf 92850297.

 

Eldretreffet

skal på juleavslutning på Spa hotellet siste gong før jul, 8.desember.

FaceBook
Facebook