1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Heile Ryfylke er nå samla til "eitt rike" - iallfall på nett!
  images/ryf.jpg

Nettstaden  www.ryfylke.no  blei nyleg lansert. Dette er eit ledd i merkevare-Ryfylke-prosjektet, som mellom anna Ryfylke IKS og Ryfylke Livsgnist står bak.  Hesbynett står bak utvikling og design, og Norsk Plan for innhald. Her får me vite smått og stort om Ryfylke; om historie, om næringsliv, om det å vere Ryfylkeungdom, om reiseliv, opplevingar, kulturliv og mykje meir. Her finn ein òg samla oversikt over aktuelle nyheiter frå Ryfylke; saksa frå aviser og anna media.

Men finn me noko om Jøsneset på www.ryfylke.no mon tru ??

Tja! Ettersom det er nettopp småbygder som vår som kjenneteikner Ryfylke, og den vesle bygda vår i tillegg ligg "midt i smørøyet" Ryfylke, skulle ein kanskje tru det.
Etter å leita godt, og til slutt skrive JØSNESET i søkefeltet, fekk me.... ja, nettopp : 0 treff !
Men sida er ny og vil bli utvikla vidare framover. Me får leve i håpet....Wink
FaceBook
Facebook