1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

JØSNESET BYGDARÅD kalla inn til ryddekveld denne veka - og 25 stk stilde opp - i eit flakse fint vær !  Langs vegane var det lite søppel, så der var det fort gjort (og det var godt, for det var vel ingen som hadde gått på kurs og blitt "godkjent søppelryddar") tongue-out.   Derfor blei mesteparten av innsatsen lagt ned i uteområdet til skulen - trygt og godt og heilt lovleg !!wink  Her er Silje i aksjon mot løvetannen på leikeplassen

Sandkassen i barnehagen har grodd igjen, men kantstolpane kan vere fine å bruke andre stader i uteområdet - Vebjørn i aksjon

Mykje lauv og rusk og rask samlar seg opp, og det blir fint når kantane får ein opprensking - Svanhild pussar opp !

Odd og Kåre fant òg ein haug med rusk og rask -

....og jammen var det rusk å sope på der Brahim òg var, like utanfor Trivselstova.  Bygdarådet hadde kjøpt inn pølser, kaffe og saft, Så det blei òg tid til sosialt kos innimellom sopeoppdraga

Ingeborg fant òg ugras som er fint å få bort !

Dagen etterpå var 3 stk oppe og fiksa meir på kantane rundt leikeplassområdet.

Og i neste veke vil brannvesenet spyle grundig på asfaltplassen og vegen; det har samla seg opp mykje grus og sand.  Så til 17.mai er det strøkent wink


BYGDARÅDET takkar for innsatsen !!

FaceBook
Facebook