2013-romjula har vore storm-og regnfull.  Natta til 31.desember var værst - mange låg søvnlause og høyrde på stormen og regnet som piska i den mørklagde straumlause bygda. Litt utenkeleg då; å sjå for seg strandfest og badeliv i Skiftustranda same dagen. Men neida - denne glade badegjeng heiv seg uti den nyttårsfriske fjorden medan nyttårsrakketten fauk til værs - og feira gamleåret og nyåret med champagnebrus og bål etterpå.


Sjølv om det ikkje akkurat var ein kald dag, så var tjukke jakkar og huer likevel det riktige klesplagget denne dagen. Bålet er fyrt, og tid til litt prat før aktiviteten. Sidan dette var årets siste dag og årets siste bad, blei aktivteten flytta frå Kogekjellå på Foss til Skiftustranda - bittelitt beachpartystemning må jo me òg kunne  ha - om me bur på vestlandet, i eit land langt, langt mot nord.

 

 

 

 


Full aktivitet - 12 vaksne og barn sprang uti den stille fine fjorden. 2 nyankomne baderar i "gjengen" - framleis Fossdalen og Skiftudalen som er representert. Denne gongen blei stillinga 6-6Wink

Det blei dukking og svømming.....

.....og spruting og plasking !

Og etterpå blei det hektisk ombytting ...bikinar, nisseluer, solbriller og sigarar om kvarandre...

RAISE THE GLASSES FOR THE HAPPY NEW YEAR !!!

 

Bålet varma godt !!


Varme klær, boblande champagnebrus,  stille fjord, tid til ein drøs om året som gjekk og året som kjem....før folket sprang heim til nyttårsteigene i ovnane og finstasen for kvelden.

 

Me lar Sven få siste "ordet" med den høge sigarføringa si  - HEPP, HEPP - GODT NYTTÅR !!!

 

 

Foto: Jonas og Svanhild H. Gbada.

 

 

FaceBook
Facebook