1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Nå er den store granskogen rundt Fosså-krossen i ferd med å forsvinne, og landskapet opnar seg opp.
 
Det var den store stormen i januar som førte til at store delar av granskogen her blei øydelagd, og store tre låg hulter til bulter som eit "pinnaspel". Men nå er oppryddingsjobben i full sving. Store skogsmaskinar frå skogsentreprenørane Hovda får jobben unna i høgt tempo, og dermed endrar landskapet seg fort - og tømmerhaugane veks for kvar dag. 

På venste side av vegen ned mot Fosså låg det som mange av barna kalla "Eventyrskogen"; eit lite felt med store, mørke grantre og mjuk skogsbotn. No er "Eventyrskogen" borte, men til gjengjeld opnar daldraget seg opp - med fin utsikt nedover mot Fosså og mot fjorden.  Skogarbeidet pågår like ved Fylkesvegen, så det er lett å legge merke til. Men ta det varsamt - det er store maskinar i arbeid.

Landskapet nedover mot Fosså opnar seg opp.  Store maskinar og tømmerhaugar ved Fossåkrossen  Utsikft frå Fossvegen, ned mot Fosså

FaceBook
Facebook