1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

På årsmøte i Jøsneset helselag den 02.03.09 vart vinnaren på toppturkonkurransen trekt. Det var 22 deltakarar i trekninga som alle hadde gått til alle 8 turpostane i løpet av 2008. Premien var ein flott Hadeland krystallvase med logoen til Nasjonalforeningen for folkehelse på, og i tillegg var det gravert inn "Vinnaren av toppturkonkurransen 2008. Jøsneset helselag" og eit hjertelodd.

Vinnaren var Sondre Fosså - Gratulerer!Smile 

Elles vart det trekt 3 ekstra vinnarar som fekk eit magebelte med drikkeflaske og eit hjertelodd kvar: Vinnarane her var på Brynå; Marie Hauge, På Gunlanuten; Annette Foss og på Håvehammar; Anne Hjorteland.

På barneboka på Håvehammar var det eit gavekort på kr 150,- på Enkel, ei drikkeflaske og eit hjertelodd i premie. Denne vant Eirik Fossaa.  

Elles vart årsmøte for helselaget halde, det er ingen endringar i styret der i år. Klara F. Hagen er vald inn som ny i valgnemnda, då Unni T. Fossaa gjekk ut.  

Kommunefysioterapeut Johs Van Langen haldt eit inspirerande føredrag om trening og dens effekt på helsa. Han fortalte bl.a. om livstilsendring på kort tid sett i menneskenes perspektiv, der ikkje utviklinga av kroppen vår har hengt med. Den er framleis laga for å vere svært aktiv. Dersom ein frisk person blir sengeliggande i 3 veker, har kroppen tapt seg så mykje på den tida, at det tilsvarer ein 30 år eldre kropp. Vektberande trening (dvs gå, springe og andre aktiviteter der vi ber vekta på føtene) er det kroppen er laga til, og altså mest effektiv trening. Knebøy er ein svært god øvelse og bør gjerast med gradvis meir vekt på skuldrane. Den trenar heile kroppen. Johs fortalte og at forskning viser at intervalltrening er mest effektiv, den trenar hjarta og aukar oksygenopptaket svært bra. 4 minutters intensiv økt med 85 % av max-puls og deretter 3 minutt rolegare gange. Gjenta dette 4 gonger. Johs sa også at trening er ferskvare, så vi må stadig ha påfyll av dette. Det held ikkje at vi var aktive i yngre dagar, det har ingen effekt no. Bortsett frå på barn, som legg eit svært viktig grunnlag til dei blir vaksne, dersom dei er fysisk aktive i barndommen.

Så no er alle som var på årsmøte ute og spring intervallar i bakkane, unge som eldre Wink 

FaceBook
Facebook