Er du ei leseløve ? Eller har lyst å lese meir bøker og diskutere de med andre ? Då er du velkommen i Jøsneset Boksirkel. Me møtes første onsdagskveld i kvar mnd på gamleskulen og diskuterer bøker me har lest. Sjangrar og forfattarar varierar stort - og det er ofte me har svært ulike oppfatningar om dei bøkene me har lest - og ofte skaper de grunnlag for diskusjonar som drar i allslags retningar. Dette er berre for kos og interesse - Det er ingen høg terskel og ingen "leseplikt", og du kan sjølv vere med å foreslå nye titlar og ulike sjangrar bøker. Det er veldig kjekt om akkurat DU har lyst å bli med !! Møt berre opp på gamleskulen kl 19.30 første onsdag i månaden - med første treff nå i 2020 nå 8.jan kl 19.30.
Det er òg eit rikt utval av bøker og spel til utlån på gamleskulen - Ta kontakt med Marit Wyller 905 37 548 eller møt opp i boksirkelen - så kan du få låne bøker her