Innsamlinga av 2017-turbøker går sin gang, og like sikkert alltid: Inge Torkel Skiftun var på Gunlanuten og bytta boka der - i år som så mange andre år! Takk til Inge som tok turen på bakglatte ski, tung laussnø og kaldt vintervær. Gunlanuten er eit populært turmål, og Jøsnesets høgaste topp på 829 moh. Og nå kjem spørsmålet: KOR MANGE SKREIV SEG INN I BOKA PÅ GUNLANUTEN I 2017? Den som har nærast svar og samtidig dukkar opp på Jøsneset Helselag sitt årsmøte - vinn ein liten vårblomst ;-) Kan det vere fleire eller færre enn i 2016, då det var 391 namn i boka?? Her må det tippast - så møt opp på årsmøtet, for då blir det òg trekning av ein vinnar frå alle bøkene !! Årsmøtedatoen blir kunngjort snart...
Nytt frå Strandbuen
- Kommunen frykter at elever skal bli tvunget inn i den offentlige skolen – uttaler støtte til private skoler
- Maria Gabrielle bodde hjemme til hun var 101 år – men det er flere år siden
- Fant mengder med tyvegods – er noe av dette ditt?
- Fekk telefon frå svigerson om brannen: – Heldigvis budde det ikkje folk der
- Ønsker å gjøre endringer på noen av bussrutene fra Solbakk