UTLÅN/ UTLEIGE AV TRIVSELSSTOVA

1. All leige skjer gjennom kontaktperson.

Kontaktperson: Unni Fossaa 404 39 228, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

2. Leigeprisar:

2.1 Utleige av lokalet til opne arrangement samt lag og foreningar: gratis.

Utleige av lokalet til skule og barnehage: gratis.

2.2 Utleige av lokalet til private arrangement: 50% av grunnleige. Lokalet vert definert på lik linje med klasserom i dei kommunale utleigereglane. Pr. oktober 2005 betaler private dermed 250 kr (grunnleige er 500 kr).

2.3 Utleige av lokalet til næringsorganisasjonar og interesseorganisasjonar for eigenyttig formål: 50% av grunnleige. Pr oktober 2005: 250 kr jf. pkt.2.2

2.4 Utleige av lokalet til kommersielle einskildføretak: 100% av grunnleige. Pr oktober 2005: 500 kr jf. pkt 2.2

2.5 Leigetakar betaler inn heile leigeprisen til Trivselstove-kontoen.

3. Lokalet er underlagt kommunale utlåns- og utleigereglar.

4. Oppgåver og plikter:

4.1 Kvar einskild leigetakar, inkludert skule og barnehage, har ansvar for reinhald etter bruk av lokalet.

4.2 Alle brukarar har ansvar for å halde energiforbruket nede.

4.3 Den enkelte brukar har ansvar for skade som han måtte påføre lokalet.

 

NB! Dette er eit utdrag frå Trivselstova sitt utlånsreglement. Fullstendig reglement heng på oppslagstavla i Trivselstova.

Facebook