1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 

Første synlege resultat av bulystprosjektet er på plass på JøsnesetLaughing

(Klikk på bileta for å få dei større)

Dette er den flotte nye benken ved Fosstemmen. Denne kan du prøve om du skal på 3-nutstur/ Hardhausen 1.pinsedagSmile

 

 

Som de kanskje har lese om før her på nettsida til Jøsneset, så er vi med i eit tre-årig prosjekt kalla "Hjelmeland 24-7" saman med fleire andre frivillige lag og Hjelmeland kommune. Jøsneset helselag og Jøsneset bygdaråd er med i arbeidsgruppe i dette prosjektet, saman med Årdal bygdaråd. Vi har tema "møteplassar i naturen". Tilsaman har heile prosjektet fått 780000,- i prosjektmidlar fordelt på 3 år. For Jøsneset sin del er desse benkene første synlege og konkrete resultat av prosjektet. Dei er blitt utplassert på følgande turmål: Fosstemmen og Håvehammar har fått benkebord, og Brynå og Nesdalsfjell har fått kvar sin benk.

Arbeidsgruppa jobbar også vidare med å få laga ein møteplass ved sjøen, som bygdafolket og andre kan samlast ved. Dette får de høyre meir om etterkvart på nettsida her, samt i infoskriv frå Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag.

Hmmm, kor skal benken stå??

Ska me sjå.. her va ein fine plass!

Jadå, dette funka jo fintCool

 

Takk til alle dei kjekke folkå så har involvert seg med å få benkene på plass, heilt supert jobba! Det vil bli arrangert ein fellestur til ein av dei nyutsette benkene, slik at vi offisielt får klipt snora for benkeneWink Dette vil vi komme nærare tilbake til når vi har dato for dette.

Så vær så god! Ta benkene i bruk og vi håper det blir mange gode "møter" og gode drøsar på benkene framoverLaughing

 

Helsing representant i prosjektgruppa Ingeborg Westersjø, og arbeidsgruppa v/Berit Torgersen Skiftun, Odd Fosså og Jorunn Foss.

FaceBook
Facebook