1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Det bur kun eit titalls sjeler i Skiftudalen, men likevel var det orntlig "Vågenstemning" på "Skiftudal Open Volleyballturnering" som trakk til seg 14 lag med over 50 spelarar, og mykje publikum. Det blei spelt 51 kampar i det 5 timar lange arrangementet.


Det var "OJ-Event" som stod bak arrangementet, og det er desse karane her, Ola Skiftun og Jarle Tednes.

Dei ønsker velkommen til dei 14 laga med sine tilhengarar. Laga var svært miksa samansett: her fann me Jøsnesbuar, fjordabuar, Sandsfolk, hyttefolk, langveisfarande og kortveisgåande i skjønn forening. Nokon var meir topptrente enn andre :-D Nokon trenar volleyball dagleg, andre av og til - andre så og seie aldri.  Her var tenåringar , ungdommar og seniorar om ein annan.........Men innsatsen var upåklageleg og det blei kjempa hardt på alle nivå.

Det dunka bra frå høgtalarane under heile arrangementet, så her var det nesten som under sandvolleyen i byn. Det blei spela kampar paralellt inne i gymsalen og ute i Bingen.


Her er det "Smashing Pumpkins" som smasjar til mot "Porsperg Smashers".


"Fjordasmashen" blokkar mot "Team Lolando"


"Stein-saks-papir" om kven som skal starte med ballen. Her "Karina Toppvolley" mot "Team Fosså"


Proffe poeng-teljarar i arbeid :-)


"The Beatless" mot "Team Lolando"

 


"The Beatless" sjekkar poengsituasjonen.


Høge hopp :-)


Pausebord med masse frukt, brus, kaker og kaffe :-)

 

Og kva er ein slikt arrangement utan publikum:


.....seniorane er òg på plass.  Ein av de heiar garantert på "Eiane Eagle"Kiss






Været var knallfint under dei 4 første timane.....mørke skyer trua finalekampane.
Og regnet hølja ned under siste kamp - ein spennande finalekamp mellom "Eiane Eagle" og " Team Lolando"


Her er det Damene som trør til i finalekampen.........



......og Herrene må òg opp i høgda skal det bli seier.


Jamnare kunne det ikkje bli; dei bytta på å lede kvar sine gonger undervegs i finalekampen, og det blei spanande til aller, aller siste poeng. Stillinga va 24-24 få Eiane Eagle sendte serven litt for langt ut, og dermed blei det 25-24 til "Team Lolando". Her er dei to finalelaga samla, og spelarane står "annakvar".


Premiedryss til "Team Lolando"


Premiedryss blei det òg til denne karen......som blei kåra til dagens MVP.
Juryen begrunna det med at dette var ein kar som gjekk rundt og smilte heile dagen, og som drog til med ein smasj som planta ballens avtrykk i parketten (etter eige utsagn ifl juryen) Tongue out.

ALT I ALT .....eit kjempegøy arrangement !!!!! Bra jobba, OJ-Events !!!
Me må berre begynne å trene til neste årEmbarassed

FaceBook
Facebook