1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Som før nemnd vil me sporadisk prøve å leggje ut litt stoff frå VONA - Ungdomslaget si "lagsavis" frå 1903-1957. I VONA finn me masse artig lokalstoff, ein god del fantasi og oppspinn, men òg sanne stubbar frå Jøsnes-kvardagen oppover åra. Ikkje minst finn me mange ulike skildringar av det å vere ungdom. Her kjem eit vart og rørande døme på det siste, altså frå 1950:

VARME ORD 

Nei, ho kunne ikkje gløyma han Bjødne ein kveld
Då han fylgte frå krossen og heim
Ho kjenner mest endå kor hjarta det slår
Som den kvelden ho kjende det slo
Helst når dei på låvebrui stod 

Ho Olida går rundt i svima og svive
Og hugsa dei deilige ord
Han tok henne fast om livet
Å så kom det fort
som det galt få det gjort
”Eg tenkjer berre på deg
Du er alt for meg på jord” 

Så tagde dei beggje ei heile stond
Ho kjende seg varme og løyen
Burte på Tuftene gjødde ein hund
Og månen kom opp der i sør
Og allting var som før 

Kvelden var varme og lune
Klokka var litt over ni
Så stod dei der ute på trappå
Ja stod der ei heile tid 

Opp med døra der låg der ei fjøl
På den stod dei å trakk og trødde
Han Bjødne plystra så smått for seg sjølv
Kvar tenkte på sitt
Og var glade 

Til slutt måtte han gje seg
Og koma på, att nå var det tida å gå
Så var det han sa det opp atte då
Det så Olida går å tenkje på
Dei herlege kittlande orda
”Eg tenkjer berre på deg
Du er alt for meg på jord” 

                                   Navnelaus, februar, 1950

 

 

Bjødne og Olida er oppdikta namn, men at personane og situasjonen har funne stad, er nokså truleg. Versa fortel ein heil del om at det ikkje alltid er mengda ord som er avgjerande, men å finne dei rette. An Bjødne traff spiker`n !

Og om det blei dei to?  Tja, det får me berre gå å undra oss på - nå 60 år etterWink.

 

FaceBook
Facebook