1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

DAMPEN KJEM - FOTO: SVEIN HAUGE, på midten 60-talet.

Svein Hauge, oppvaksen på skulehuset på Jøsneset, var allereie på 60 talet ein glimrande fotograf. Med kameraet sitt fanga han opp både portrett og bygdesituasjonar, som han nå - 50 år etter - deler med seg på Facebook, òg på Jøsnes-Facebook. Dette bildet er eit nydeleg døme på ein kvardagsituasjon på Skiftunkaien - og Svein sjølv skriv i innlegget:

DAMPEN KJEM -  Skiftun i midten av sekstiåra
Dagens høgdepunkt i oppveksten var då rutebåten kom frå byen. Dei som hadde ærend og dei som hadde ikkje treftes på kaien . Dei vaksne til drøs og me ungane til leik og påfunn. Her sit SAMFUNNETS STØTTER i goddrøs. Frå venstre Nils Foss som var kraftverksbestyrar. Eg kan tenke meg at han framleis har rekorden i vender opp Fosstien til Inntaksdammen, Fosstemmen og Krogastemmen for å regulere vasstilførsla med enkle treluker. Særleg om vinteren var kvar dråpe viktig for å ungå straumrasjonering. Trass i iherdig innsats kunne det bli straumsparing. Eg hugsa straumen vart heild borte ein gong i femtiåra, då måtte lampane fram att. Bygda fekk straum i 1948.
Ved sida Mælaen, Jone Mæland, handelsmann, telegrafbestyrar og postbestyrar. Fast mann for å ta imot postsekken. Av og til sa styrmannen "Verdi Mæland". Då måtte han ombord å kvittere. Det gjekk vel meir pengar ut av postkontoret enn inn.
Nr tre frå venstre sit Daniel bror til Nils. Han var også lettføtt hugsar eg. For i heia og plukka fine tyttebær til salgs om haustane
Lengst til høgre Berdines, vegvoktaren. Etter mi meining bygdas sterkaste mann etter å ha sett korleis han kunne turnere store steinblokker med steinbukk, spett og berre nevane. "Hjelmelandsfjord" er i rute med legendariske Warlaen som skipper. Han heldt rutetidene! Gavlabåten på land høyrer til Johannes Nesvik, fruktdyrkar og fiskar. Hardt arbeid for føda. Fritidsbåtane tilhøyrde lærarar, snekka ein lærar i byen, Birger Eikeland, og båten på svai læraren i bygda, Andreas O Hauge, far min, eg og mange med meg gjekk for han gjennom heile folkeskulen.

 

FaceBook
Facebook