Trivselstova er eit lyst og trivelig lite møtelokale som alle brukargrupper i bygda kan nytte seg av. Lokalet ligg i 2. etg over barnehagen – altså sentralt i skuleområdet.
Lokalet har ei lita kjøkkenkrok og bordplass til ca 30 personar.

Trivselstova, eller ”Ståvå” som den gjerne blir kalla på folkemunne, blir mykje brukt av lag og foreningar. Me nemner: styremøter/allmøter, damekveldar, spelekveldar, barneklubb, eldretreff, kafè, aktivitetsdag med mer. Det er gratis å leige lokalet til opne arrangement, men private kan òg leige det for ein billig penge til td bursdagsfeiring eller andre familieselskap.




Kontaktperson for Trivselstova er Unni Fossaa i Bygdarådet. Ho har oversikt over utleigekalenderen, og ønskjer du å leige lokalet tar du kontakt på tlf 403 94 743, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 

 

Facebook