1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

images/ung/curling3s.jpg
Vindkasta slo inn på tvers; men trass i tøffe forhold, blei det òg ein tøff og artig kamp på isen om poenga.

images/ung/curling7.jpg
Trass i kort varsel og tøffe vindkast/kaldt vintervær blei JM (JøsnesMesterskap) i curling avvikla med kjempegodt frammøte; Heile 12 lag stilte til kamp...ja,forresten: det 12.laget var vel helst eit resultat av det oldgamle trikset som heiter "kvinnelist" - for jammen klarte tre kvinner å delta på to ulike lag......og jammen klarte de òg å nå heilt til topps på resultatlista!! For laget "Dei oppi bakkane" viste seg å vere mystisk identiske med "Helselaget"

Svanhild på Foss, Terese i Asheimbakken og Jorunn på Åsland utgjorde laget "Dei oppi bakkane". Trass i lure triks. Det skal dei ha: dei viste seg som nokre resarar på banen Først kjempa dei seg til, og gjennom, semifinalen med eit naudskrik. Men så: i sjølve finalen slo dei til mot sjølvaste BRANNVESENET, Jostein, Johan og Sven , og drog til med nokre skikkelege 9 er-kast - og sette med det banerekord og gjekk av med ein suveren seier !!

Det var ei imponerande lag-deltaking; beståande av ei god blanding av barn og vaksne. Flott var det òg at dei "offentlege" instansar stilde lag; som LÆRARANE, BARNEHAGEN og BRANNVESENET.

Curling-"steinane" var særdeles himalagte, og varierte i kvalitet, noko som ga konkurransen den ekstra lille frustrasjonen for enkelte. Men forholda var like for alle, og teknikken var imponerande god; og det blei mange gode poengsummar. Sjå resultatlista under.

Det var òg lagt opp til premiering til det laget som skilde seg positivt ut i forhold til drakt, lagånd, kamprop el.a. Premien her gjekk til MIXn Nesvik, som var det einaste laget som faktisk HADDE eit kamprop !! Bravo.

Arrangementet var gratis; og deltakarane fekk popcorn, saft, kaffe og varm kakao, og Trivselstova fungerte som varmestove !
Folk blei oppmoda til å gi ein slant til RØDE KORS sitt akutte arbeid på Haiti, noko som brakte inn over 1000 kr (inkl Ungdomslaget sitt bidrag på kr 500) !!  Beløpet vil uavkorta bli overført til RØDE KORS sin gåvekonto 8200.06.08331.

Forøvrig fekk Brannvesenet "kongeleg takk" for arbeidet med islegginga av ballbingen i form av ei eske "Kong Haakon" - som dei delte raust med seg etter kamp.

 

RESULTATLISTE

ETTER FØRSTE RUNDE:

SAMA D Marius, Jone, Sondre og Jonas 15 poeng
TEAM FOSSÅ Ellen Mari og Johan 12 poeng
CANADA Solveig og Ian 13 poeng
HELSELAGET Svanhild, Terese og Jorunn 10 poeng
FELIX Brahim, Jakob og Vebjørn 3 poeng
BRANNVESENET Jostein, Johan, Sven 16 poeng
UNGDOMSLAGET Ola og Svanhild 13 poeng
LÆRARANE Tor Olav, Helga og Berit 9 poeng
MIXn Cesilie, Jarle og Madelen 12 poeng......Vant for beste (og einaste)kamprop.
BARNEHAGEN Rasin, Gjerd og Solveig 8 poeng
TEAM TONÅ Terje, Tania og Kristiane 10 poeng
BYGDARÅDET Berit, Helga og Ola 11 poeng
DEI OPPI BAKKANE Svanhild, Jorunn og Terese 14 poeng
SKIFTUKARA Ola og Brahim 14 poeng

SEMIFINALEN

DEI OPPI BAKKANE 12 poeng
SAMA D 7 poeng
BRANNVESENET 17 poeng
SKIFTUKARA 9 poeng 

FINALE

DEI OPPI BAKKANE: 9,8,9,1 = 27 poeng ………OG GÅR DERMED VIDARE TIL OL I CANADA Kiss

BRANNVESENET: 1,7,0,5 = 13 poeng

ARRANGØR: JØSNESET UNGDOMSLAG

images/ung/curling6.jpg

images/ung/curling5.jpg

images/ung/curling4.jpg

images/ung/curling2.jpg




FaceBook
Facebook