1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Som siste av 9 turpostar, er òg turboka på Røssenibben nå bytta ut med ny 2018-bok. Det betyr at alle turbøkene 2017 klar for premiering på Jøsneset Helselag sitt årsmøte den 28.februar.  Det er flotte snøforhold i heia nå - og vel verdt å ta turen på ski til Røssenibben, sjølv om det er litt bratt opp siste bit til toppen. Bildet viser Røssenibben til venstre og bratte/ulendte Røssenibbdalen som går heilt ned til Bastlid. Skiruta følgjer omtrent same trasè som den merka sommarruta.

Røssenibben 718 moh er den nest høgaste toppen på Jøsneset, nest etter Gunlanuten på 829 moh, og berre nokre få meter over Valafjellet 713. Det er megaflott utsikt herefra. Og Røssenibben er kanskje den toppen der ein aller best kan sjå HEILE den langstrakte Jøsenfjorden; for herfra kan ein sjå heilt inn til Førre og Segadal, og ut heile fjorden til Ryfylkeøyane

Utsikt utover fjorden mot Randøy, Gardsund og Ombo til høgre.

Røssenibben hadde i 2017 besøk av 75 turgåarar, derav 28 stk som var oppom i tjukk tåke den 4.juni under HARDHAUSEN-arrangementet - alle dei gjekk glipp av utsikten derfra den dagen, men det såg altså slik ut ;-)   Røssenibben er virkeleg verdt eit besøk, og det aller flottaste er å gå den merka ruta opp frå Bastlid: følg skogsvegen opp Bastliddalen til endes, og deretter på merka sti gjennom flott furuskog og blanke, åpne berg. Det er ein luftig tur med Jøsenfjorden i ryggen heile dagen. Deretter kan ein følgje merka ruta via Gunlaheia og ned via Fossmarka. Flott rundtur! Røssenibben fortjener meir besøk - satser på dobling av besøkstalet 2018 ;-)

Ruta på ski går omtrent som den raudmerka sommarruta. Her utsikt nordaustover Røssenibbheia.  Ein må langt inn før ein kan krysse over Røssenibbdalen og over til Gunlaheia.

Flott på ski i Jøsnesheia ! Her på veg ned frå Gunlaheia og nedover mot Gunlaknaggen

Alle foto: Svanhild Hjorteland Gbada

FaceBook
Facebook