1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Fredag 25, sept mellom kl 16.30 og 17.30.

Inger Apeland frå Suldal er ei aktiv dame som årleg organiserer innsamling til Romania. Ho tek imot klede (heile og reine), ulltepper, sengtøy, gardiner, kjøkkenutstyr, garn, stoff, leiker - ja, alt mulig.....til og med briller (men då må ho få dei "rett i handa").

Pakk tøy i doble sekker. Knuselege ting må pakkast godt i gode esker, og merk den med forsiktig.

Fraktpengar er kr 40 pr pose eller eske.  
Ev overskot av fraktinnbetalinga går til ein barneheim som Apeland har gitt til før: til senger, reperasjonar, maling og anna vedlikehald.

Nytt høvet til å rydde i sakene dine - slik at andre som treng det kan nytte seg av det :-)

Møt opp med bidraget ditt ved Jøsneset skule, fred 25.09 kl 16.30 - 17.30.

Lurer du på noko: ta kontakt med Inger Apeland, 52 79 94 14 eller 95 10 54 24

Facebook