1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 
Onsdagen før jul blei det arrangert julevolleyball-turnering på Jøsneset. Veldig bra frammøte, så heile 4 lag stilde til kamp !! Det blei ei spanande turnering, med nokså jamnt spel, men Smashing Rudolf drog seieren i land til slutt !! Gratla !!

Lagnamna var prega av julestemning. Høyr berre :
1. Smashing Rudolfs: Elsa, Sven, Jonas, Brandon og Inge Børge
2. Team Santa: Paula, Jasin, Ola og Johan
3. Fjosnissane: Malin, Rasin, Karsten og Marius
4. The Julegløggs: Jostein, Oddvar, Daniel og Svanhild

 
Det var sjølvsagt eige sekretariat; med Jakob og Kristiane som poengteljarar: Her Kristiane i full konsentrasjoon om kampen.

 
Ja, dette var ei jo ei JULE-turnering, og dermed var det jo gløgg, juleknask og godprat i pausaneWink


Etter dei innleiande kampar låg det svært likt på resulatlista, så det måtte finteljing på poengtal for å hale fram finalelaga, og dette skjedde ikkje på slump, nei.

Sluttoppgjeret blei slik:
Bronsekamp:
Fjosnissane mot Team Santa. Fjosnissane vant 25 - 22, og blei dermed nr 3.
Finalekamp: Smashing Rudolfs mot The Julegløggs. Smashing Rudolfs vant 25-16, og vant dermed turneringa! Bravo!

 Og her er det glade vinnarlaget Smashing Rudolf Laughing

Etter turneringa var over, var derimot ikkje spelegleda over.....så dermed fortsatte me med meir speling. Då blei det ein uhøgtideleg kamp mellom VETERANANE og UNG-GUTANE. Wow ! Unggutane drog til med ein intens speleglede, ein enorm innsats og iver, med knallgode servar og meisterlege opphentingar. Men trass i dette: dei "gamle" blei faktisk best denne gongen......drog seieren i land med erfaring, stødighet og teknikk ....HAHA.....eit knallkjekt oppgjer, som me håpar på å få fleire av utover våren!

Volleyballtreninga fortsetter på onsdagar også etter nyttår - oppmøtet har vore bra og det har vore ein kjekk sesong !!

FaceBook
Facebook