1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts


Leif Trevland måtte til med tau og stropper for å feste det det fullstappa lasset med sekker og øskjer som blei gitt til innsamlingsaksjonen til Romania.
Det var mange som var innom brannstasjonen med klær, leiker og utstyr - og eitt døgn seinare vil varme jakkar og gode bukser frå Ryfylke vere på veg til barneheimane i Romania

Trevland fortalde at han skulle kjøre det fullstappa lasset til Suldal, der traileren blir fylt opp. Ila kvelden og laurdagen vil andre lokale leverandørar frå mange andre småstader rundt om i Suldal òg levere sine lass med sekkar og øskjer, og forhåpentlegvis blir traileren full i år òg.
Trevland fortalde òg at det er eit romansk transportselskap som kjem nordover til Etne med jern, og på returen fyller dei opp traileren med desse gåvene til barneheimane.  Det er Inger Apeland i Suldal som organiserer dette innsamlingsarbeidet. Alle som leverer gåver betalar kr 40.- pr kolli. Dersom det blir overskot på transporten vil dette  gå til eit prosjekt som arbeider med registrering av identitetslause barn. Trevland fortel at det er mange barn i Romania som lever utan identifikasjonspapirer og som er foreldrelause, stort sett sigøynerbarn.  Desse identitetslause borna har difor ikkje rett til legehjelp, skule eller andre sosiale goder - og det er dermed svært viktig å hjelpe dei til å bli registrert med rette papir.

 

Det var altså mange Jøsnesbuar som var innom med gåver til Romania i kveld - det var flott ! Det var òg fleire frå Hjelmeland som fekk sendt over posar med kjendte herfra - ettersom det ikkje var sett opp innleveringsstad på sørsida av fjorden.

Me ønskjer initiativtakar og eldsjel for dette arbeidet, Inger Apeland, lykke til med transporten og med det gode arbeid i Romania !!

FaceBook
Facebook