1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts


I eit strålande flott sommarvær tok eldreklubben på Jøsneset den 27 juni ein dagstur til Suldal, der dei besøkte to spanande plasser på kva si side av Suldalsvatnet: Lali og Sukka gard.

LALI er ein flott liten stad som ligg på nordsida av Suldalsvatnet. Her tok Karl Lali imot; han er er ein pensjonert rektor som tydelegvis er svært planteglad: for han hadde planta enormt mange flotte, sjeldne planter på denne spesielle staden - der hus, uthus og landskap nesten gjekk "i ett"

 


Her er den eldre garde på veg ned til LALI


Karl Lali var flink å fortelje om plantene og staden. Han har brukt mykje tid på å fylle på jord i bergskortane og plante til med dei sjeldnaste planter.


Ein liten rast mellom svære steinblokker og blomstrande hage.

LALI sett frå hovudvegen, med Suldalsvatnet i bakgrunnen - ein idyllisk stad !

 

Etter stoppen på Lali, gjekk ferda tilbake langs Suldalsvatnet, over brua over til Kvildal og opp til SUKKA GARD, som då ligg på søraust-sida av Suldalsvatnet. Der tok vertskapet Ola og Solveig Sukka hjarteleg imot. Sukka gard er ein ættegard med røter tilbake til 1200 talet. Dagens eigarar tek imot grupper og serverer både god,tradisjonsrik mat, men dei serverer òg gode historier frå nærmiljlø og gard. Dei har flotte gamle bygningar på garden, der dei m.a. har tatt vare på mange gamle ting.

Eldreklubben blei servert herlig viltgryte på Sukka gard.


Her litt frå interiøret på loftet på Sukka gard.


Til slutt tok Ola og Solveig Sukka med gruppa til støls; nærare bestemt Steinstølen. Og òg her blei dei servert mat; nå heimalaga pannekakar, syltetøy og kaffe.


Intimt og koseleg inne på stølen



På heimtur frå stølen. Alle var enige om at det hadde vore ein FLOTT TUR !!!

Alle foto Jostein Hjorteland - som òg var dagens bussjåfør og tilretteleggjar av turen.

FaceBook
Facebook