1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts


Sist søndag var det sekundstrid for Jøsnesbu i sykkelrittet, og då enda det med knepen 2.plass. Denne søndagen var det nok ein Jøsnesbu som var i sekundstrid, og denne gongen enda det med seierSmile. Jasin Hjorteland Gbada, 13 år sprang inn til seier i juniorklassen (12-17) i Viglesdal-løpet med tida 1.27.10 - berre eit sekund foran Tobias Topp Sandvik frå Fister. Foto: Jasin til venstre, Tobias i midten og Svein Hjørungdal på 3.plass .

 

 


Ein stein-artig Wink løypetrasè.......

 

...i eit spektakulert landskap.

Viglesdalløpet blei i dag arrangert for 30.gong, så her er det tradisjonar !! Dette er eit orntlig TERRENG-løp, 14 km frå Nes til Viglsedalen t/r, m/ca 300 m stigning, stein, ur, berg og myr. I enden av vatnet på bildet over ligg Viglsesdalen (410 moh), og der snur ein og spring same ruta tilbake til Nes 130 moh.

Det var snautt 100 store og små, unge og gamle, som gjekk turrennet i eit fantastisk sommarvær, med tørr fin løype.
Ca  30 stk  sprang på tid i løpsklassane.

Seirar i dei andre klassane:
- Kristin Hetlesæter, junior jenter
- Ola Mjølhus, senior menn
- Asbjørg Hetlesæter, senior kvinner

Me gratulerar heile hurvenSmile

FaceBook
Facebook