1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 Borna på Jøsneset skule har det travelt nå før jul:

Søndag 4 des var det fakkeltog og tenning av julegrana på Skiftukrossen; med påfølgjande sang rundt treet, nissebesøk og gløgg, pølser og pepparkaker.

Og regi av skulen skjer følgjande fram mot jul:

Denne veka reiser heile gjengen ein dag til Stavanger: dei har fått støtte frå den "kulturelle skulesekken" til å besøke til Rogaland Kunstmuseum. Men det blir òg tid til ei spanande omvisning på Stavanger PolitihusCool og mat på Peppes PizzaTongue out for pengane de samla inn på EdvardMunch-kvelden i november. Dette blir ein kjekk og innhaldsrik dag!!

Vidare ut over i desember blir det ein dag med Nissefest og graut saman med barnehagen i gapahuken som står oppe i buhagen til Silje.

Vidare blir det ein heil dag på skulen til julforming; då blir vel både nissar,julepynt og julegåver til mor, far, tanter og onklar produsert.

Nærare jul blir det ein dag til Hjelmeland for den årlege Landhockeyturneringa, og vidare blir det songøvingar til korframføringa under Skulegudstenesta som er tysdag i veka før jul.

Siste skuledag før jul er onsdag 21 desember; og då brukar dei dagen på tradisjonelt vis med "julekos" på skulenKiss.

Og deretter blir det GOD JUL!!

FaceBook
Facebook