1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Ein gla gjeng på Spa hotellet laurdag 29.10.11 på kick-off for bulyst-prosjektet "Hjelmeland 24-7" Jøsneset hadde tre stk med på kick-off.

 

 

Som nemnt tidlegare har Hjelmeland fått 780000,- i bulystmidlar frå kommunal- og regionaldepartementet etter ein søknad frå kommunen og nokre frivillige lag, bl.a Jøsneset helselag.

Det er no oppretta prosjektgruppe og arbeidsgrupper. Ingeborg Westersjø stiller i prosjektgruppa som leiar i Jøsneset helselag. I arbeidsgruppa er Jorunn Foss, Berit T. Skiftun frå Jøsneset helselag og i tillegg er Odd Fossaa frå Jøsneset bygdaråd med der. Jøsneset skal samarbeide med Årdal bygdaråd i arbeidsgruppa "møteplassar i naturen".

Meininga med Kick-off var å setje i gong arbeidet og inspirere arbeidsgruppene. Vi hadde fått inn Astrid Skogseth Fuglesang frå Steinkjær næringsselskap til å halde innlegg og leie arbeidet denne dagen. Ho hadde masse flotte inspirerande tips til oss og vi fekk satt i gong ein kreativ prosess som enda med at vi teikna eit framtidssenario for kva vi vil få ut av midlane når prosjektet er ferdig i 2014. Samtidig har vi begynt litt budsjettplanlegging, samt å lage møteplan.

Vi skal lage "møteplassar i naturen" og satsar difor på ein del benker i første omgang til å setje ut på to-tre turmål. Vi har også planar om å prøve å lage ein møteplass ved sjøen med gapahuk/lavvo, grill, benker, to kanoar og kanskje sandvolleyballbane. Årdal har fått til noko liknande, og vi har difor avtalt ein ekskursjon til våren i Årdal for å høyre meir om korleis dei har fått til dette.

For å få til dette må vi begynne å tenke på aktuelle plassar og begynne samtalar med evt grunneigarar.

Vi ser at det kan vere greitt å få med fleire for å få til noko bra med desse midlane, og helselaget vil difor invitere til eit møte med laga i bygda i første omgang for å informere dei og få tilbakemeldingar. Vi håper flest mogleg vil bli med på dette møtet.

Helselaget

FaceBook
Facebook