1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts


Dei fleste som er ute og ferdast på vegen mot Nesvik har nok merka gravinga  langsmed vegen. Det er kommunen som har sett i gong med vassutbygginga på Jøsneset. Første fase er å forlenge hovudvassledningen frå Mikal Laks og bort til skulen; der det skal etablerast nytt høgdebasseng.

 

Leiar på Teknisk seksjon Morten Jensås har sendt oss følgjande info om utbygginga:

Dette skal gjerast i haust:
1. Forlenge vannledning frå Mikal Laks til Skulen
2. Nye borebrønnar og høgdebasseng ved skulen (ovanfor ballbingen)
3. Brannkummar

Dette skal gjerast i 2012:
4. Rehabilitering av vegen ned til Skiftun kai
5. Legging av vassledning og trekkerøyr ned til Skiftun kai
6. Vann ut mot Ingjesdalen (ledning/røyr er alt lagt)
(PS: her er vegutbetringa ferdig og vegen er nyasfaltertWink)

Dette skal gjerast i 2013:
7. Vidareføring av vassledningen mot Knutsvik etc

(PS: punkt 4-7 forutsett at budsjettforslaga for 2012 og 2013 blir vedtatt slik foreslått)

Det legges òg til rette for framtidig trekking av kabel i 2 stk 110Ø mm trekkerør f.eks fiber, strøm, kabler etc.

Vedlagd er òg kart og framdriftsplan for haustens arbeid.

Her finn du PLANKART FOR VASSUTBYGGINGA

Her finn du FRAMDRIFTSPLANEN



FaceBook
Facebook