1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Kristiane
Kristiane

Hjelmeland kommune har nyleg vedteke ny kommuneplan - eit dokument som er kommunen sitt viktigaste styringsverktøy dei komande åra. Tekstheftet til planen er illustrert med flotte barneteikningar og koselege dikt - alle bidraga er laga av elevar ved Jøsneset skule.

 

For 1-2 år sidan sende kommunen ut utfordringa til skulane i kommunen om å sende inn dikt og teikningar frå og om sine heimbygder til bruk i kommuneplanarbeidet. Det var elevane ved Jøsneset skule som sende inn bidrag, og dermed er det deira bidrag som nå prydar planheftet.  Det er fleire teikningar og fleire dikt og dei blei laga av dei som var småskuleelvar det året. På nettsida her tek me med eit lite utdrag, men resten finn du i tekstheftet som du finn her på kommunen si nettside. Det er òg nokre som blir brukte i powerpoint-presentasjonar av planen.

Dikta og teikningane har alt fått mykje ros frå mange instansar der planen har vore på høyring. "Det er kjekkt å lese ein plan med slike koseleg bidrag undervegs i teksten", er tilbakemeldingane. Og bidraga er òg blitt nytta i presentasjonar, på folkemøter o.a. rundt om. Seinare i haust skal kommunen reise på ein stor vestlandskonferanse på "utstilling" med planen, der òg dikta og teikningane blir blir med.  Eitt av fire satsningsfelt i kommuneplanen er BARN OG UNGE, så det passar godt med bidrag frå barn. Framme i planhefetet finn de òg ei spanande framtsids-fortelling  skrive av ei ungdomsskuleelev frå Hjelmeland.

Amber
Amber

Stian
Stian

Celine
Celine

FaceBook
Facebook