1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts


Alle har vel lengta etter sommaren som ikkje heilt slo til i år. Og den historisk regnfulle og klissblaute september månad gjorde vel sitt til at me blei enda meir "værsjuke" enn godt er. Men som eit lite eventyr openberra dei siste dagane i september seg med sol, blikkstille fjord og over 20 grader varme dagar !!! Dette var kjærkomme for oss alle, og kanskje aller mest for bønder som driv væravhengige produksjonar.

Her er Inge Torkel og Klara i full aksjon med omstabling av vedsekker. Inge har hatt ein ekstremt arbeidskrevjande sommar, og hatt mykje ekstra arbeid med vedproduksjonen pga det dårlege været.

Inge fortel at det var store problemer med å få tørka all veden i år. All den veden han brukte heile vinteren på skoge, sage opp, kløyve og legge i sekk heldt på å bli heilt øydelagd pga den dårlege sommaren. Famn på famn på famn av ved fekk råteskade pga fuktigheita og ville ikkje tørke. Kvar sekk måtte gås gjennom fleire gonger ila sommaren, skrape vekk "møggel" og lø om slik at veden fekk meir luft. Noko er frakta innomhus, noko er frakta til plasser med betre vindgjennomstrømming.  Men fredag kveld var både Inge og Klara fornøyde der dei stabla om veden - for nå var det sol og varme. Og dersom godværet berre kunne halde litt til, så ser det ut som veden blir berga.

På flatane på Foss var det òg stor aktivitet denne siste kvelden i september. Våte ekrer har gjort det vanskeleg for mange bønder å kome utpå for å få slå graset. Her ser det ut som årets siste slått endeleg blei unnagjort - og klart for balling. Og plenklipparane dura mange stader i bygda desse siste dagane i september....


Sommarfuglane har òg hatt ein trasig sommar i år....men òg dei kunne nyte denne "Indian Summer" dei siste dagane av september. Her er ein sitronsommarfugl på ivrig jakt etter årets aller siste blomsternektar.


Ja, desse siste septemberdagane i 2011 vil nok gå inn i historia som eit kjærkome varmt pust i den elles våte hausten. Dagane var både nyttige og gode, eller kanskje enkelt og greitt berre til å nyyyyte.....her ei stille kveldstund på Håvehammar......

 

......og her ei stille morgenstund ved Fosstemmen. Joda, takk for sommardagane me blei sjenka i månedskiftet september- oktober Kiss

FaceBook
Facebook