1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts


Ryfylke Miljøverk har i dag etablert ny miljøstasjon for bygda inne ved Nesvik-fyret v/ RV13, dvs ca 4-500 m på riksvegen inn mot Jøsenfjorden.  Den gamle miljøstasjonen på Nesvik er altså nedlagd.

Kjem du til den gamle miljøstasjonen på Nesvik, møter du dette skiltet:



RYMI fortel at dei måtte flytte frå den gamle staden, og har i fleire år leita etter ein høveleg ny plass. Dei er nå glade for å ha funne plass inne ved fyret, med direkte avkjørsel frå RV13.

På den nye miljøstasjonen kan du kaste:

 

- Plastemballasje
- Metall- og glasemballasje
- Bølgjepapp
- Drikkekartongar: skriv namnet ditt på kartongen, Kartonglotteriet eksisterar enda i Norge, og 4 gonger i året vinn 30 stk kr 10.000,- og 1 stk 100 000,-

Det er og her HYTTECONTAINEREN står nå, og den er kun for hytte-abonnentarWink

RYMI fortel elles at dei har problem med at folk set att store gjenstandar, kvitevarer, elektriske artiklar o.a. utanfor containarane. Dei ber om at slike ting IKKJE skal setjast der, men kan leverast til gjenvinningsstasjon på Gåsavika, Sand eller Viganeset, Hjelmeland. Opningstidene for gjenvinningstasjonen finn de på www.rymi.no

Og her finn du altså den nye miljøstasjonen:

La oss alle følgje oppmodinga frå RYMI: kast ting der de kastast skal, og kjør resten på gjenvinningstasjonen.

Me vågar påstanden om at me nå har ein miljøstasjon med distriktets desidert beste utsiktKiss, så bli med å hald den like rein og ryddig som den var på opningsdagen.

FaceBook
Facebook