1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


To forestillingar med revyen "KorNøye?" slo an blandt publikum. Det var god stemning og trampeklapp når siste nummer ebba ut klokka ni lørdagskveld. 

Over 120 stk fann vegen til gymsalen påskeafta. Og ein glad og munter revy-gjeng gleda oss nok ein gong med lokalhumor, song og rare figurar.

FOTO frå revyen vil bli lagt ut her på nettsida om ikkje lenge......så følg med her på josneset.no.

Elles var det òg god stemning rundt Siranees Thaimat-vogn lørdagskveld....det enda med utsolgte produkt, så då har nok maten smaka godt.

Ut over påske-aften-natta spela Gil Silverbird til dans.....ein uthaldande kar som utan pause spela i 4,5 timar. Bra jobba !!!
Denne Påskeafte-natta var usedvanleg stille og varm, og difor blei mange av festdeltakarane sitjande rundt borda ute ved ballbingen....og dermed blei det ikkje trengsel på dansegolvet.Wink

Ein triveleg kveld frå ende til annen.....i regi av Jøsneset Ungdomslag.

FaceBook
Facebook