1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

 Hjelmeland sitt fotball-lag G15, der heile 5 Jøsnesgutar var med, har nå spela sin siste kamp etter nesten 10 år i lag.

Dei fem Jøsnesgutane som har spela på dette laget er Eirik Fossaa, Jone Hjorteland, Marius Loktu, Jonas Hjorteland Gbada og Trond Brandal.

Eirik var førstemann som starta å trene omtrent i skulestartalder, og sidan fulgte òg dei andre gutane på ein etter ein. Det var mykje "klynge-spel" i begynnelsen, og enkelte var vel så opptekne av leikeslossing med kompisane på sidelinja mens kampar pågjekk. Men etterkvart spissa det seg til, og dei blei betre og betre og ivrigare og ivrigare.

Gutane har halde godt i lag, og det har vore ein stabil kjerne i laget, saman med jøsnesgutane, som har halde ut frå start til slutt.  Jostein Hjorteland, òg frå Jøsneset, trena laget i fleire år, men ikkje dette siste året.

Siste kamp blei ei super avslutning på lagets karriere. Etter å ha lege under med eitt mål lenge, dundra G15 til med heile 3 mål, og dei to aller siste måla for laget var det to Jøsnesguttar som stod for; Marius og Jone. Det enda med at G15 Hjelmeland kom på 2.plass i serien etter Stavangerlaget SIF !!
Gledeshyl spredte seg ut over Sandnesbyen denne kalde mandagskvelden - og seierspizzaen var vel fortjent.

Laget blir nå oppløyst: nokre av gutane har alt byrja på vidaregåande og andre er snart klar for det. De er svært få "å ta av" i den aldersgruppa i Hjelmeland, ingen reserver, og difor er det vanskeleg å fortsetje.

Fotballframtida vidare for Jøsnesguttane blir litt ulik:  Jone er den som satsar stort : og spelar vidare både på A-lag og Kretslag (sjå eigen artikkel om han), Jonas og Marius lurer litt på B-laget (viss det blir noko av) og Eirik og Trond kjem sannsynlegvis til å "leggje opp" etter dette.

Morer og farar som har fulgt guttelaget sine gleder og sorger frå sidelinja seier takk for mange gode opplevingarWink

 

FaceBook
Facebook