1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

 Jøsnesguten Jone Hjorteland (15) er klar for Rogaland krets sitt fotball-lag.

Jone er ein ivrig kar - og fleire dagar i veka er han å sjå på veg over fjorden med gymbagen på ryggen - på veg til fotballtrening eller fotballkamp. Han har i fleire år spela på Hjelmeland sitt guttalag, G 15, og spela ein viktig og sentral rolle der.  I tillegg reiser han på trening på Tau ein dag pr veke, og han spelar kampar for Hjelmeland sitt A-lag. 

Han er nå blitt lagt såpass merke til "ute i verda" at han er av Rogaland fotballkrets trekt ut som ein blandt 24 andre talenter til ei såkalla "Utviklingsgruppe G15".
Jone er den einaste frå Hjelmeland, pluss ein spelar frå Staal, og elles spelarar frå andre lag i Rogalandskretsen.

Første samling er i Sauda i helga, og deretter må han rekne med å farte land og strand rundt på kampar med kretslaget.  SpennandeSmile
I tillegg vil han halde fram som spelar på Hjelmeland sitt A-lag, nå etter at G15 laget for Hjelmeland er "oppløyst".

Me gratulerar Jone med uttrekninga, og ønskjer han lykke til med fotballkarrieren.........ikkje fritidsproblemer den karen, gitt !!!















Her er Jone på ei turnering på Bryne i samband med kretsen, her spelar han på Team Stavanger (ytterst til høgre på grønt lag)

FaceBook
Facebook