1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Har ikkje du heller hørt om "Jøsneset sykkelklubb" nei ??

Vel det er ein relativt ukjent, nyoppstarta og eksklusiv liten "klubb"....men kan sjå ut som den er i god vekst. Sist helg var det kun eitt medlem. Denne helga var medlemstalet dobla, og begge trør til.

Sist helg var det Marine Harvest Rittet 41 km  Hjelmeland-Tøtlandsvik t/r.
Her deltok Sven Westersjø, og her finn du RESULTATLISTA. Sven trødde inn til ein fin 29.plass med tida 1.31.37.

Denne helga var det ScanaRittet 52 km på kryss og tvers i Strand.
Då hadde Sven fått dobla deltakinga frå "Jøsneset Sykkelklubb" og fått med seg na Ingeborg. Og denne helga var det Ingeborg Westersjø som trødde til med flott delt 5.plass i kvinneklassen pulje 1 med tida 1.49.49, og her finn du RESULTATLISTA. Supert å slå selveste Gunn Rita med over 10 minLaughing

Sven trødde òg bra til, men ca 1 mil frå mål punkterte sykkelen......og sidan det er dårleg med følgjebilar m/supporterteam og ekstrautstyr i "Jøsneset Sykkelklubb" måtte han diverre parkere på Tau... i staden for i mål på Jørpeland.

Folkens .....me følgjer ivrig med på utviklinga i "Jøsneset Sykkelklubb" i tida fraover...og gledar oss til eit langt og triveleg årsmøte med masse goe kakerCoolTongue out

FaceBook
Facebook