1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts


Om det er regn eller blest, sol eller varme.....tradisjonen med å feire Jonsok-afta blir halden fint i hevd på Jøsneset. I år hadde me ein fantastisk sommarkveld Kiss

Grillane var glovarme og folk strøymde til med campingstolar, grillmat og krabbebøtter. Barna hadde krabbefangstkonkurranse - stor iver for å finne største og minste krabbe. Tradisjonen tro blei det òg is til alle og sjølvsagt "bading med klærne på".  Dette er ein tradisjon som heng igjen frå alle dei åra med pøsregn: då blei det populært å bade med regnklærne på. I år var det sommarvarm sol, men likevel måtte det badast med bukser og t-skjorter på. Ein trivsleg barnegjeng - det har me her i bygda !!!

Det blei òg tautrekkingskonkurranse.......her var òg iveren stor både blandt store og små.

....desse på bildet nedanfor var med på det tapande laget......men ingen sure miner å skue for det !!

 

 

Eit flott bål blei tend då vinden stilna, og glørne blei....ja, rett og slett GLOVARME !!

 

Her er to karar som vant krabbekonkurransen: dei blei svært happy for spann og spade-premien, og sette i gong med å leike i sanden med det same........med lure glis om munnen begge to.

Ein nyyyydeleg kveld blei det, i godt lag og god drøs. FLOTT at Jøsnesbygda held på tradisjonen med å feire Jonsok i fellesskap -  på sjølve Jonsokafta.

FaceBook
Facebook