1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Det er mulig det nærmar seg agurktid i avisene......men på Jøsneset er definitivt MAKRELLTID !!

Denne veka er det trivsleg med full aktivitet på Skiftun Fiskemottak: det er midt i makrellsesongen.

Hittil denne veka er det tatt imot 35 tonn makrell frå 8 fiskerar. Det er kanskje det meste nokon gong på så få dagar !!

Det er periodevis 10-15 mann i arbeid på mottaket nå, og det går på lossing, ishakking, veging, pakking og lasting. Store vogntok kjører i skytteltrafikk med påfyll av kassar og is, og andre vogntog kjem for å frakte makrellen til mottakarlandet Italia!! Der blir de mange lekre middagsrettar av makrellen frå Ryfylkefjordane.


Her får fiskar Johan Larsen sortert, pakka og vegd makrellen sin, som han har fanga i den tradisjonelle sitjenota "opponda" Ombo. Flott fisk !!



Her blir det lagt på plast og lokk før kassane blir stabla opp på store pallar.


Fiskesjarkane ligg i kø for levering.

FaceBook
Facebook