1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts


Kulturskulen og Jøsneset Skule inviterte bygda på avslutningskveld på skulen onsdag kveld.
Og elevane stilte med eit tettpakka og over ein times langt program......

Godt hjulpe av kyndige lærarar var det jammen litt av eit program elevane drog oss med gjennom. Her var det song, blokkfløytespel, diktopplesing, sketsjar, fløytespel, gitarspel, sjølvlaga filmar, fotopresentasjon, pianospel, dramatisering.....og alle som ein deltok: frå den minste til den største. Utan stans haldt dei det gåande i over ein time....og dei rørte og imponerte oss i salen med sjarme og talent.






Eitt og anna gjesp kunne observerast når det heile nærma seg slutten; og ikkje rart det !!! slik som denne gjengen stod på (og så varmtTongue out som det var i salen/scenen). Difor var det det siste "innslaget" som heitte "IS OG SAFT" svært kjærkomment!!

Takk til skule og kulturskule for å ha gitt oss ein hyggelig kveld.

FaceBook
Facebook