1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Denne veka reiser Berit Torgersen Skiftun til Oslo, som Jøsneset Helselags delegat på Landsmøtet i Nasjonalforeningen for folkehelse.

                                                     Berit skal til Oslo!

 

Berit er kampvillig og har førebudd eit innlegg på Landsmøtet. Dette er på bakgrunn av at handlingsprogrammet for dei neste fire åra skal vedtas på Landsmøtet. Dette har Jøsneset helselag tidlegare sent høyringsuttale til. Vi er enige i at talet på satsingsområder skal reduserast frå dagens 5 områder. Vi er derimot ikkje enige i at temaet Barn, familie og nærmiljø som satsingsområde skal vekk frå handlingsprogrammet. Det som er foreslått som to hovudsatsingsområde framover er Hjerte- og karsykdom og Demens. Vårt synspunkt på dette er at det vil bli vanskeleg å få unge folk med i styrer og som medlemmer av NFF pga at desse temaene ikkje fenger dei yngre. Sjølv om mykje av det vi gjer i dag, bl.a. trim for barn og unge kan komme inn under forebygging av hjerte- og karsjukdommar, så blir det ikkje så synleg utad. Vi har ikkje nådd fram med høyringsuttalen og med våre kommentarar på fylkessårsmøtet i fjor. Dirfor vil Berit appellera til Landmøtet om å tenkje over dette enda ein gong.

 

Berit har for høvet fått laga ei t-skjort med bilde av styret i 2010, slik at ho har alle med seg til Landsmøtet Laughing

 

Forhåpentligvis blir det også ei oppleving å delta på Landsmøtet, det er lova ei flott ramme rundt. GOD TUR BERIT OG LYKKE TIL MED INNLEGGET! Hilsen styret i Jøsneset helselag.

FaceBook
Facebook