1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts



Etter 86 døgn med samanhengande snø og ein uvanleg kald vinter, er det små underverk som nå tyt opp or den våte, kalde jorda: Klosterklokkene strekker seg optimistisk mot sola !!

Vinteren 2010 vil gå inn i historiebøkene som ein usedvanleg flott vinter. 3 mnd med snødekke er uvanleg her (ja kven veit, det kan enda kome meir?), og kuldegrader nesten ned mot minus 20 er òg uvanleg. Men dei siste dagane har snøen byrja og sleppa, og kor Klosterklokkene hentar motet sitt frå kan ein jo berrre undrast på; men nå har de altså strekt seg 10-15 cm til værs, og står med flotte, struttande knoppar. 

Jammen var det deilig å sjå noko grønt !!
Det tykte høneflokken òg; som endeleg fekk ut å spankulere på graset att:


OM DU SER EIT VÅRTEIKN PÅ DIN VEG, SÅ KNIPS AV OG SEND DET TIL JOSNESET.NO

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

FaceBook
Facebook