1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Det er ikkje berre småfuglane som slit litt i den kalde vinteren med det uvanleg lange snødekket. Òg hjortane må jobba litt ekstra for den naturlege føda i vinterkulda. Hjortane begynte difor å trekke ned i bygda, og forsynte seg av siloballane.

Men nå har bøndene snudd på flisa! Både for å hjelpe hjortane over vinteren og for å halde de unna siloballane, blir det nå kjørt silo opp i høgda; dvs opp på Skiftuheia og opp skogsvegen frå Foss. Hjortane stimlar glade rundt foringsplassane; og flokkar på 10-12 dyr er observert fleire gonger på begge stader. Dyra er ikkje redde traktorane som fraktar fòret opp, og kjem gjerne litt forvetne bort.

Men går du til fots eller på ski, kan du vere viss på at dei teftar deg; og då er de raske til beins.  Så trø varsamt om du vil opp å sjå på dei Wink. Spor finn du garantert overalt, og òg store moglegheiter for å sjå dei. Ei fin oppleving!

Kanskje du har vore ute å knipsa eit bilde av dei ?
Send inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Bildet ovanfor er kun illustrasjonsfoto (www.faaberg-vestfjell.no) , men kunne like gjerne vore her frå bygda.

FaceBook
Facebook