1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Onsdag 15.12 behandla Formannskapet planprogrammet til  Areal-og transportplan for Ryfylke. I den samanheng meinte politikarane at det var viktig å signalisere at Hjelmeland kommune vil ha utgreidd eit fastlandssamband over fjorden her i den regionale planen.

Dermed blei det einstemmig vedtatt at formannskapet ønskjer at det såkalla Jøsenfast-prosjektet skal vurderast nærare i planen.
Jøsenfast er eit Finn-fast-liknande idè-utkast med undersjøisk tunnel frå Hjelmeland til Nesvik, med forgreining til Ombo.

Er dette første vesle skritt på vegen mot eit fastlandssamband for Jøsneset ?? Her må me tydlegevis følgje med på fylkeskommunen sitt vidare arbeid med areal-og transportplan for Ryfylke.

FaceBook
Facebook