1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Tradisjonen tru, så arrangerte Jøsneset skule og barnehage FN-kafè med basar i tilknytning til FN-dagen. Dette klaffa då i år på fredag den 23.oktober.

Alle barna både i barnehage og skule hadde førebudd denne dagen: Barnehagen selde sjølvtørka epler som var knaskande gode. I tillegg hadde dei "butikk" der de selde mange fine FORUT-produkt. Skuleborna hadde førebudd seg på kjøkkenet, og hadde baka mange gode kaker som mellom anna blei lodda ut.

Frammøtet var etter måten godt; det var trass alt ein kvardag midt på dagen; men nokre foreldre som hadde høvet til å sleppe frå jobb o.a., møtte opp. Dessutan var det kjekkt med besøk av både tilreisande og fastbuande besteforeldre, pensjonistar og andre vaksne.

Me fekk servert ein lite knippe opptrinn på scenen frå borna; det var både song, songleiker og skikkeleg frisk dans !! Festleg !!
Elles var det kafè med mmmmm-mange gode kaker, vafler, kaffe og saft. Basarsalget gjekk unna og pengane strøymde inn i kassen.

Rektor Rasin var vel fornøyd med pengebidraga;
inntekta går direkte til barnehagen sitt FORUT-prosjekt og skulen sitt fadderbarn i Eqador.

Flott bidrag + kjekk kafè = to fluer i ein smekk.

FaceBook
Facebook