1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Den 26.06.09 hadde styret i Jøsneset helselag besøk frå Randi Kiil, informasjonssjef i Nasjonalforeningen for folkehelsen. Ho kom frå Oslo, saman med sambuaren som for anledningen var fotograf. Randi tok kontakt i vår for å høyre om ho kunne få lage ein sak om Jøsneset helselag til medlemsbladet "Aktuelt" som blir sendt ut til alle medlemmer av Nasjonalforeningen for folkehelsen 4 gonger i året. Ho hadde høyrt om oss heilt bort til Oslo... Sjølvsagt sa vi ja til det. Vi gjekk tur frå Foss til Håvehammar og vidare til Åsland. Varmen gjorde at vi valde ei kortare løype enn vi hadde tenkt. Vi syns det var viktig å få vise turstiprosjektet, som er noko av det viktigaste helselaget held på med. Det vart eit koseleg besøk, og dei 4 som stilte frå styret fekk samtidig ein sosial fredagskveld.

Alle medlemmer må derfor følge med i bladet som kjem i postkassa i august/september, for då skal det vere ein artikkel om Jøsneset. Vi tenker det er bra med profilering av bygda vår og alt det positive som skjer der.  

FaceBook
Facebook