1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Styret i helselaget har på styremøte blitt enige om følgande for 2009: Det blir toppturkonkurranse også i 2009! Dei som har gått på Gunlanuten, Røssenibben og Herefjellet (Tausanibbå) kan være med i trekninga neste årsmøte i 2010. Dei må kjøpe ei turdagbok på Naustet for 50 kr og levere den inn til styret innan 01.12.2009.

Helselaget vil prøve å arrangere ein fellestur i juni, sannsynlegvis vil vi då gå alle tre toppane på ein dag. Kan vere verdt å få med seg hvis ein skal vere med i konkurransen og, annonsering av turen vil komme seinare på oppslagstavlene og nettsida.  

Det har jamnleg kome inn ønske til styret om å premiere dei som går mest på ulike turpostar, slik det var før. Så me vil i år prøve å gå tilbake til å premiere den som har gått oftast på turpostane i låglandet. Dvs Brynå, Høgafjell, Nesdalsfjell, Fosstemmen og Håvehammar. Her vil me telle i bøkene og dei treng ikkje levere turdagbok. Me vil kanskje trekke nokon tilfeldige som vinn ekstrapremie her neste år også.

I tillegg vil vi ha barnebok på Håvehammar som i år, med eiga premie etter loddtrekning.  

FaceBook
Facebook